Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pensjonistforbundet inviterer til quiz

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. mai 2026

Torsdag 4. juni klokka 19:00 inviterer Quizgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til quiz i lokala til Surnadal frivilligsentralen på kulturhuset. 

Laga kan ha inntil fire personar på eitt lag, og det er høve til å ha «ferdigkomponerte» lag før ein kjem, eller berre møte opp og finne eit lag når ein kjem. 
 
Det blir enkel servering. 
 
Lars Polden, Anne-Sissel Ulven og Kristoffer Moen utgjer Quizgruppa i Pensjonistforbundet, og er ansvarlege for quizen. 
 
Quizgruppa ønsker alle velkommen til quiz og sosialt samvær!
Først publisert: 29. mai 2026, 11:00 - Sist oppdatert: 28. mai 2026, 20:09