Når haglbygene piska på vindauga under påskesamlinga i dag, var nok soknerådet glad for at dei flytta dagens arrangementet innomhus. Det var imidlertid tillyst som tradisjonell påskesamling på Tjønnmyran, slik som tradisjon har vore i ei årrekkje. I natt var det berre såvidt at gradstokken var på pluss-sida og det var snø langt nedover lia.
Men i kyrkja var det lunt og godt, og til dagens påskesamling i kyrkja var det eit førtital som deltok – det vanka forresten rosande ord frå sokneprest Pål Arne Winsnes for salmesongen i kyrkja i dag. – Det er vi faktisk vant til, for det er mange dyktiga songarar mellom kyrkjegangarane i Todalen. Presten hadde forresten laga eit eige songhefte med påskesalmar til dagens arrangement, slik at det var lagt godt tilrette. Sidan det symbolske var viktig så var kyrkjetenaren utlånt som læresvein, og Winsnes vaska føtene hans slik Jesus gjorde med læresveinane skjærtorsdag.
Det var sjølvsagt påska som var dagens tema for påskesamlinga – dag for dag tok sokneprest Winsnes oss med på «ei vandring»gjennom påska – frå palmesøndag via den stille veka og vidare gjennom nattverd på skjærtorsdag, korsfesting på langfredag – og til slutt oppstandelsen på påskedagen.

Organist var Amund Walde – kyrkjetenar Tor Rune Halset, tekstlesar Borghild Talgø, kyrkjevertar Todalen sokneråd, og sokneprest Pål Arne Winsnes. Foto Jon Olav Ørsal
Elles var det lystenning og kollekt – i dag til inntekt for Kirkens SOS hjelpetelefon. Neste gudsteneste i Todalen kyrkje er konfirmasjonsgudstenesta laurdag 9. mai – da er det fire konfirmantar som skal konfirmerast i Todalsen kyrkje – Fredrik, Jakob, Lisa og Nathalie Astrid. Elles er det vårdugnad den 5. mai kl 18:00 – da skal kyrkjegarden ryddast og klargjerast for sommaren. Elles blir det hyggjekveld med P17-koret på gammelfabrikken den 15. april – dette kjem det meir info om på Todalen.no etter kvart. 29. april er det sjømannskyrkjekveld i Stangvik kyrkje – da vil Ranveig og Torbjørn Brøske fortelje om livet i Sjømannskyrkja.
Siste post på programmet i dag var servering av varme polser og kaffe og kaker i tillegg til ein god prat etter at dagens påskesamling var unnagjort.





