Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskemarknad med lokalmat og vårstemning

Jon Olav Ørsal Måndag 23. mars 2026

Komande torsdag gjentek Hageland Surnadal suksessen med lokal handledag og påskemarknad i butikkane på Syltøran.  Da er det langope i butikkane frå 10 – 19, og Hageland har invitert lokale leverandørar til påskemarknad i butikken frå kl 14 og utover til stengetid kl 19 denne dagen.  Da kan du kjøpe lokalprodusert mat og da snakker vi om alt frå mjølk til øl og cider, kjøtt og ost, fisk og fugl – og mykje flott handverk frå dyktig handverkarar – tilsaman 31 utstillarar, skryter Nina Monsøy som er martnasgeneral.

No kjem det nye sommarvarer kvar dag seier Oddmund Jørgensen. Foto Jon Olav Ørsal

Påskeliljer og stemor i lange baner – typisk påskeblomster som er tidleg ute. Foto Jon Olav Ørsal

Nina fortel vidare at Hageland har mykje nytt å vise fram no, for her har det mesta heile etterjulsvinteren pågått ombygging og ominnreiing av butikken. Som om ikkje det er nok, så er det mykje nye sommarvarer som er komne på plass – klare for å møte våren og sommaren. Byggmakker åpner utesesongen med gode tilbud på terrasse, griller og maling på den store handledagen.

Oddmund har fått på plass mykje nytt og fint i hagemøblar – og no kjem det inn nyheiter kvar dag –  det er da snart sommar!  Sesongblomstrar som stemor og påskeliljer er forlengst på plass og no er trær og busker også like rundt hjørnet. No gler vi oss rett og slett til å vise fram «nybutikken», seier Nina til slutt. Det blir nok travle dager for å få alt på plass til handledag og påskemarknad. 

Det har vore mykje omflytting og ombygging – Hageland står fram som ein ny butikk. Foto Jon Olav Ørsal

Nathalie byr på gratis kaffe og bakels heile dagen på torsdag. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 23. mars 2026, 20:00 - Sist oppdatert: 25. mars 2026, 18:08