Du trudde kanskje ikkje det vart påskekrim i år? Nåh-nei, frå og med onsdag kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokalt og kortreist mysterie med tittelen «OPERASJON EKKO – eller: Når fjellet er stille, svarar dalen.»
Vi kan ikkje garantere at du får svar på alle spørsmåla i mysterie (eller i livet) i løpet av påskeveka, men håpar likevel det kan vere til underhaldning. Som vanleg er det lov å stjøtt på, spekulere og fabulere undervegs.
Og kva handlar årets påskekrim om? Tja … Forfattaren sjølv vil ikkje røpe for mykje, men vi kan freiste med eit bittelite utdrag:
«Ho sjekka véret. Skjermen blinka som eit fjernt fyr:
TOÅA_EKKO
Så var det borte.
Og langt borte, mjukt som eit sukk:
«Plyst.»
Ho såg mot Øyalia. Vindstille.»

