I del 5 tok mysteriet av inne på Halsbua, og frukta byrja å ytre seg. No står vi ved døra til løysinga – eller noko som liknar. Det blir… fruktbart.
DEL 6 – 2. påskedag
Det var akkurat slik ein kveld i Øyalia skal vere når noko uforklarleg skal skje: Stille. Ikkje ein dæsj med vind. Berre Toåa som smilte i skjul bak steinane sine.
Bladfyk, Grønmyr, Halset, Ørsal, Steinar, Kåre, Larris og Gjeldnes sto tett i ein liten halvsirkel, som om dei venta på at naturen skulle gå på scenen.
«Det er noko på gang,» kviskra Halset og kleip rundt atmosfæresensoren sin som om han var eit anker.
«Det har det vore i fleire dagar,» sa Bladfyk. «No får vi håpe at det bryt ut ei løysning, og ikkje berre slit seg laus.»
Akkurat då blinkar alle telefonane samstundes:
EKKO_FINAL
HER_WE_GO
Jordbær ?
«Kvifor ein jordbær‑emoji?» spurde Steinar. «Kvifor ikkje?» svarte Kåre.
Så kom lyden som aldri hadde kome før:
PLOPP—PLYST—PLOFF.
Midt i lysninga, der bakken var unaturleg bar for årstida, byrja lufta å dirre. Ein liten, rund skugge løfta seg sakte frå mosekanten. Raud. Prikka. Med ein grøn, blafrande dusk på toppen.
Gjenstanden steig høgare. Lyset rundt han gjorde at trestammane såg ut som dei nikka, som om dei hadde venta på dette heile livet.
«Er det… eit jordbær?» kviskra Larris.
«Eit… flygande jordbær,» rettet Grønmyr, som no hadde mista all akademisk ro.
Jordbæret roterte sakte, som om det vurderte publikum sitt.
Så, med ein presis tone som ein fløyte som hadde tatt gitarkurs, kom avslutninga:
Plyyyyyyst… POFF!
Ei mjuk sky av lys spreidde seg utover. Og jordbæret? Borte. Forsvunne. Løyst opp i eit bærforma luftglimt.
På bakken var det: Ein ring. Av noko. Det såg ut som myrull. Det kjendes som myrull. Men det lukta absolutt ikkje som myrull. Heile gjengen rygga ein halv meter. Heile gjengen — bortsett frå éin. Gamalostystar Gjeldnes tok to raske steg fram. Augo hans var som to soloppgangar over Storfjellet.
«Nei men… dette… dette er jo—» Han bøygde seg ned, drog inn lukt, og måtte støtte seg mot eit tre av rein glede. «Dette…! Dette kan vere den manglande kulturstartaren! Den siste brikka! Med dette kan eg setje i gang gamalostproduksjonen att!» «Så… det er ost?» spurde Kåre. «Det skal bli ost,» sa Gjeldnes andektig. Han pakka prøven forsiktig i eit matpapir som hadde lege i lomma sidan jul. «Takk» sa han og nikka høgtideleg mot luftrommet der frukta hadde vore.
Ørsal knipsa bilete i alle retningar. Halset hadde sett seg ned på huk og prøvde å ta pulsen på atmosfæresensoren. Grønmyr rista på hovudet, men smilte likevel. Ungdommane sto med opne munnar som om dei hadde vore gjennom si første kommunale byggesak.
Mann med skjegg lente seg mot ein bjørk og nikka roleg. «Eit sjansebær,» sa han, som om dette berre var ein måndag.
Bladfyk sto midt i det heile og noterte, sakte og roleg, som om dette berre var eit heilt vanleg kapittel i ei bygdekrim. Ho løfta blikket. Øyalia stod der ho har stått, bekkane småsong, og ein svaneduo løfta seg med breie venger ute over Kvennset. Ho kunne ha plystra, men lét vere.
For når fjellet er stille, svarar dalen likevel.
Og med det er påskekrimmen 2026 over. Takk for følgje i år!

