Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2026: Del 5

Guro Redalen Sundag 5. april 2026

I del 4 dukka det opp ei ekkomaskin, meir lydfenomen og ei mystikk som har byrja å få puls. No er det 1. påskedag – og Halsbua står for tur som episenter for underleg aktivitet.

 

DEL 5 – 1. påskedag

1.påskedag låg som ei mjuk dyne over bygda, men inne på Halsbua var det meir nerve enn på eit gjenomsnittleg årsmøte etter tre koppar traktekaffi.

Folk låg i stillingskrig i smågodthylla. Nokon telte på nonstopen. Nokon vurderte å klatre over knekkebrødhylla for å snike i kø.

Tema i heile butikken var: Lyden. Den forbaska, mystiske lyden.

«Eg høyrde tre plystringar i går kveld,» sa ei.
«Eg høyrde to, men ein av dei var i moll,» sa ein annan.
«Eg trur faktisk skogen svara meg på namnet mitt,» kviskra ein tredje – og vart møtt med både skepsis og ærbødigheit.

Handelsmann Halset sto bak disken som ein dirigent over kaoset og såg ut som ein mann som hadde fått både for lite søvn og for mange idear på ein gong.

«Velkomne, velkomne! I dag har vi supertilbod på påske‑potetgull, atmosfærisk luftsensor og limited edition: bark‑yoghurt med hint av… noko.»
«Kva er noko?» spurde Gamalostystar Gjeldnes.
«Vi veit ikkje heilt. Men det er spannande!» svarte Handelsmann Halset.
Gjeldnes nikka annerkjennande. Det var merkeleg kor lite som skremde ein mann som i tiår hadde jobba med mugg.

«HER!!»

Eit kollektivt rykk gjekk gjennom butikken. Folk snudde seg som om dei hadde blitt instruert av ein usynleg korpsdirigent.

«Plyst.»

Denne gongen kom det innanfrå butikken. Ein lys tone, nesten som ein mobilalarm som hadde mistolka oppdraget sitt.

Overredaktør Ørsal kraup nesten ut av skinnet sitt. «Eg høyrde det! Hadde vi mikrofon? Kamera? Eit augevitne?»
«Du har kamera rundt halsen,» sa Bladfyk.
«Jaha, men NEI, det er ikkje det same!» utbraut Ørsal og byrja å knipse i vilden sky.

Telefonane rundt i lokalet blinka samtidig med nye nettverk:

ØYALIA_REALTIME

EKKO_DEBUG

DU_HER?

Folk gispa.
Eit gamalt ektepar bak frysedisken gjorde korstegn.
Ein heil familie i potetgullhylla tok på seg refleksvestar for tryggleik.

«Dette er jo systematisk!» ropte Ørsal.
«Dette er kunst!» ropte nokon bak han.
«Dette er Surnadal!» ropte ein tredje.

HER → plyst → HER → … PLOPP?!

Lyden kom att. Denne gongen var det ikkje berre plystring. Det var eit… plopp. Som når ein mistar jordbærsyltetøy ned på eit bord. Folk stoppa heilt opp.

«Kva i alle…» byrja Grønmyr, men rakk ikkje fullføre før lyden kom ein gong til:

PLOPP.

Halset såg livredd ut, som ein mann som akkurat har innsett at heile butikken hans kanskje står i telepatisk samband med framande krefter.

Bladfyk samla gjengen — Halset, Grønmyr, Ørsal, ungdommane og Gamalostystar Gjeldnes som hadde lukta dramatikk (eller ost). «Folkens,» sa ho. «No må vi stoppe og ta dette seriøst. Dette er ikkje lenger berre lyder. Vi har:»

Ho talte på fingrane:

  • Lydar som svarar attende
  • Wifi‑namn som poppar opp på løpande band
  • Ein prototype‑boks ingen eig
  • Ein uidentifisert ploppelyd
  • Og no… noko som svarar i Øyalia

«Det er ikkje normalt,» la ho til.
«Det er ikkje unormalt heller,» mumla Halset.
«Jau,» sa alle i kor.

«Vi må tilbake til Øyalia,» sa Bladfyk bestemt. «No.»
«Kvifor no?» spurde Halset, som eigentleg hadde planar om å steike fleire energibakels.
«Fordi dette er 1. påskedag,» sa Bladfyk.
«Dalen har aldri vore meir aktiv enn akkurat no. Om noko skjer, så skjer det i kveld.»
«Som kva?» spurde Kåre.

Bladfyk såg mot vindauget der kvelden byrja å senke seg som eit tungt lokk.
«Kva som helst.»

Ute på parkeringsplassen — medan alle gjorde seg klare — kom ein ny lyd frå Øyalia:

«Plyyyyst… plopp… plyst‑plyst.»

Halset stivna. «Eg… eg trur frukta mi prøver å kommunisere.»

«Det gjer ho ikkje,» sa Grønmyr.
«Ingen veit det,» sa Halset.

Og med det drog dei oppover mot skogen. Vidare inn i eit mysterium ingen kunne ane omfanget av.

 

 

Først publisert: 5. april 2026, 06:08 - Sist oppdatert: 30. mars 2026, 11:18