Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2026: Del 3

Guro Redalen Fredag 3. april 2026

I del 2 av påskekrimmen vart fegis-frukt, wifi og menneskeleg psyke sett på prøve. Men i dag er det Langfredag, kjerringdilten krev sitt, og mysteriet har fått eiget liv. Set stavane i bakken og sansane i høgspenn.

DEL 3 – Langfredag

Langfredag. Dagen som både er blodraud på kalenderen og i bibelsoga. Snøen hadde gøymt seg i skuggesidene, og hestekreftene i alle ski stod og lurte på om dei skulle få oppleve eitt siste stavtak før våren gliste dei i trynet.

Kjerringdilten sto for døra. Ur‑dilten. Der det ikkje er om å gjere og kome først, men å treffe idealtida. Bladfyk sleit seg opp den første kneika og angra på alt ho hadde sagt om å «unngå dramatikk denne påska». Ski klistra seg i nakken, stavar endra lengde etter humør, huva fungerte som svamp. På sosiale medium skein solbrillane. I lia sat snøen som lim.

Men på Skihytta var det som alltid: bakelssøg, kaffi og nervøsitet i idealtidsnervene. Kjerringar av alle kjønn knytte startnummer og klemte sine nære og fjerne før dei snart skulle ut  i løypa.

Nordvik heva arma. «Reglar! Ikkje spurt på flatmark, ikkje stopp i motbakke, idealtida i fjor låg mellom ein sveitt mann frå Prærien og ei kvinne frå Halset som hadde gløymt å ta av fellene.»

«Har du laga energivaflar i dag òg?»
Handelsmann Halset spratt fram. «Ja! No med dobbel lakris for ekstra spenst!»
«Lakris?» sukka folkemengda.
«Det er tradisjon ein stad i verda,» insisterte Halset. «Kanskje ikkje i Noreg. Kanskje ikkje i Norden. Kanskje ikkje… på denne planeten. Men det er potensiale.»

Mann med skjegg kom glidande forbi, utan ski. «Eit sjansespel.» sa han.

Bladfyk hadde knapt fått av seg huva før det kom:

«Plyst.»

Svakare i dag. Og i strofer:

«Plyst‑plyst‑plyyyy.»

Som om nokon prøvde å spele Todalssongen på ei sykkelpumpe.

«Høyrde de det?» spurde ho.
«Ja,» sa Grasforskar Grønmyr, og vurderte bakelse sitt som forskingsobjekt.
«Dette er ikkje fugl. Dette er teknologien som har mista trua på seg sjølv.»
«Eller bever!» ropte ein gut. «Bever er flinke!»

Så kom eit knips, som frå to trestykke som klappa i takt.
«Det ER bever,» sa guten. «Eller ein veldig optimistisk dirigent.»

Inne i Skihytta sto Tegnspråktolk Talgø og Gamalostystar Gjeldnes og tolka kvarandre gjennom meierihistoriske utgreiingar ingen forstod. Fjesbokvarslar Moe livestreama det heile med tre sjåarar – inkludert seg sjølv.

Bladfyk møtte Grasforskar Grønmyr ved kartet over Trollheimen som hong inne på hytta.
«Lyden er regulert,» sa ho. «Ikkje naturleg.»
«Regulert?»
«Ja. Som om han kjem frå noko som måler lyd. Lydsensorar. Kanskje i kvilemodus.»
«Elvas indre monolog?»
«Noko i den dur.»
Grønmyr sukka. «Om Halset sine hyllesensorar påverkar fjellveggen, skal eg ete ein heil pakke energivaflar utan drikke.»

«KLAR—FERDIG—DILT!»  Nordvik heva armane og årets vakraste eventyr var i gang.

Etter løpet tok Bladfyk fram telefonen.

HYLLEHALO_01
ØYALIA_1945?

To sekund. Borte.

«Kva i alle dagar…?»

Overredaktør Ørsal stod nære nok til å lese over skuldra hennar.

«Vi har ei sak. Faktisk.»

Publisert: 3. april 2026, 05:47