Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2026: Del 2

Guro Redalen Torsdag 2. april 2026

I del 1 av påskekrimmen fekk vi eit lite glimt av både fjørkunst, granbarchips og eit mystisk «plyst» frå Øyalia. Men ikkje la deg forføre av stilla mellom ekrene! For i dag er det Skjærtorsdag, og Todalen er like klar for dilt som for dramatikk. Set sansane på vibrering og ikkje stol for mykje på teknologien.

DEL 2 – Skjærtorsdag

Røyken frå svartkjel‑kaffien låg som mjuk tåke over Toåa. Gunnøydilten hadde samla alt frå fastbuande, heimefrådragande, heimkomne, halvt‑heimkomne og dei som var på veg heim men berre kom seg til Hals før dei vart ståande og prate. Den heilage treeininga var like sterk som alltid: pøls, kanelsnurr og trimpoeng.

Ivrig Trimmar hadde alt dobbeltsjekka trimpoeng‑appen tre gonger. Tegnspråktolk Talgø sto i munter passiar med Gamalostystar Gjeldnes. Dei diskuterte gamle meierimetodar utan å sjå ut til å mugne av den grunn. Fjesbokvarslar Moe hadde allereie lagt ut rapport og var – som vanleg – først ute på verdsveven.

Handelsmann emeritus Nordvik, òg kjent som Borgarmeister og Kjerringdiltgeneral på livstid, bana seg gjennom folkemengda med sitt eige tempo: fort. Han stilte seg opp og reklamerte for morgondagens store hending Kjerringdilten. Konseptet idealtid og vandrepokal vart forklart så effektivt og presist slik berre ein mann med høg sigarføring og pokal-overskot kan gjere.  «Og hugs: bading under dilt er ikkje akseptert. Hønhalsen er ikkje åv!»

«Ikkje enno nei» mumla Mann med skjegg og passerte som eit slags fjern minne frå eit telemark-nedslagskurs som aldri vart fullført. Han hadde stavar, men dei var ikkje i bruk.

Bladfyk noterte, preika seg bort og tok bilete som vart for mørke eller for lyse. Ved kioskbordet hadde Halset sett opp ein smaksstasjon. «Nyhet! Energi‑bakels med kardemomme, lakris og eit hint av… granbar.» Grasforskar Grønmyr rynka panna og takka nei med kroppen før munnen rakk å protestere.

Overredaktør Ørsal kom skridande med kamera rundt halsen i retning Bladfyk. «Eg har fått eit tips,» sa han lågt. «Fleire har høyrt ein lyd.»
«Kva slags lyd?» spurde Bladfyk.
«Eg skal fortelje meir når tida er inne,» svarte Overredaktør Ørsal. Han drog glidelåsen i jakka dramatisk heilt opp, som om sjølve løysinga låg i brystlomma.

«Plyst.»

Eit kort rop suste over elvebreidda – og nesten samtidig:

«Plyst.»

Kom det i frå Øyalia?

«Dette var ikkje fuggel,» sa Bladfyk. «Ikkje ekko heller.» Folk stivna.
«Høyrde du?»
«Kva var det?»
«Korpset?»
«Pukkellaks?»

Handelsmann Halset såg ut som ein skuleelev som nett hadde innsett at hunden faktisk hadde ete matteleksa «Eg har ikkje noko som seier ifrå slik… trur eg?»
«Har du kjøpt noko nytt?» spurde Bladfyk.
«Ehm… ei smart‑korg som varslar ‘ferskhetsalarm’? Men den burde berre pipe når frukt blir mjuk.»
«Så Todalen får beskjed når appelsina har blitt tøffelhelt?»
«Ja! Og det kan hende… den har wifi.»

Overredaktør Ørsal vakna som ein hund som høyrer mat treffe matskåla.
«Har du skrudd den på?»
«Jaaa… i går kveld.»

«Plyst.»

Denne gongen frå eit heilt anna punkt.

Bladfyk såg på Overredaktør Ørsal.  Han såg på verda som om ho var i ferd med å gje han Pulitzer-prisen.

«Ok,» sa Grasforskar Grønmyr. «Dette er ikkje frukt.»

Publisert: 2. april 2026, 06:00