Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2026: Del 1

Guro Redalen Onsdag 1. april 2026

Påskemorgon skal sløkke sorgen, men først skal vi løyse eit mysterium saman. Så det er berre å helle oppi meir kaffi i koppen, smøre dei små grå med rett farge Swix og snurre på Poirot‑barten – her kjem del 1 av årets påskekrim!

Der fjorden går mot fjella inn. Der ligg dalen som nokon sidan sist har omtalt som både gløymd og bortgøymd. Og kanskje var det Tov òg tenkte då han skoda utover han første gongen frå Sjåarberget? Elva går enno trufast i foss og sving, og dei gamle fjell i syningom har fått påskepynt: nysnø i skuggesidene og solskinsblanke flater der det passar seg. Og påskelista ser lovande ut: Påskequiz, Gunnøydilt, Kjerringdilt, lange fredagar og gjerne ein tur (eller fire) innom Hals for å sikre seg ferske kaffebrød av ymse slag.

Frk. Bladfyk hadde ein ambisjon denne påska: minimalt med dramatikk, maksimalt med dagslys. Ho hadde så smått byrja å tru på si eiga plan. For kanskje kunne påska leve opp til tilnamnet den stille veka?

Det skulle vise seg å ikkje bli fasiten.

Ved Sandstadkrysset stansa ho eit augeblikk og såg utover ekrene. Ei utstilling av kvite fjør låg utover der svanar hadde lagt sin eigen vernissage i grønkande nyansar. «Kunstnarleg kuratert,» mumla ho. «Dagens bilete‑tekst: Fjør i gras‑hatten.» Ho tok eit bilete som vart for lyst, og eit som vart for mørkt. Bladfyk skulle til å legge telefonen i lomma då eit ørlite glimt skein til på skjermen:

TOÅA_EKKO

Vekk igjen. Så kjapt at ho mest trudde ho hadde sett feil.

Neste post på programmet var Hals. Bak kassa sto Handelsmann Halset. Ganske ny i jobben, og med blikket til ein som nettopp har prøvd tre nye konsept før frukost. Ivrig Trimmar sto ved isdisken og tøyde leggane som om ei verdsturnering stod for døra.

«God dag!» helsa Halset blidt. «Bra du kom no. I dag testar vi aromatiserte appelsinar, laminerte handlelister med todalsdialekt og – høyr på denne – granbarchips. Det er … skog i påsse.»
«Skog i påsse? Som i kjøtt å påsse – utan kjøtt men med skog?» Bladfyk løfta eit augebryn.
«Ja! Litt jul, litt badeskum. Ein del av det grøne skiftet. Og dessutan: nytt i kaffekroken – energibakels. Eg tenkjer ‘påskedilten edition’.»

«Kva er det i dei?» spurde Bladfyk.
«Havre, honning og hemmeleg blanding. Eg kan røpe at det er noko med kardemomme.»

«Det var aldri kardemomme i kjerringdilt‑suksessane,» sa ei røyst bak ho. Mann med skjegg sklei forbi i slentrande tempo. «Eit sjansespel,» sa han, og forsvann ut døra med mølsgraut, møresild og eit mørt blikk.

Halset fann fram eit pappbeger. «Eg har forresten bestilt noko nytt til bakrommet. Ei ‘smartlager‑bok’ som seier ifrå når varene bør snus. Teknologien kjem – vi må berre venne oss til at hyllene snakkar litt.»
«Hyller som snakkar?» spurde Bladfyk. «Er vi der?»
«Det er 2026. Alt snakkar.»
«Sant nok. Men todalingar kjem til å svare tilbake.»

Fjesbokvarslar Moe hadde alt posta om Halset sine innovasjonar på Facebook.«Har det blitt reine saiber-spæis inni der» hadde ein ivrig slektning frå Kvennalandet alt kommentert.

Utanfor butikken stod eit par ved jordsekkane og diskuterte om det var lov å ete fastelavnsbollar etter palmesøndag. Bladfyk skreiv i notatblokka: «Ingen drama, takk.» Under: «Ok. Kanskje litt drama.»

Ho sjekka véret. Skjermen blinka som eit fjernt fyr:

TOÅA_EKKO

Så var det borte.

Og langt borte, mjukt som eit sukk:

«Plyst.»

Ho såg mot Øyalia. Vindstille.

Telefonen plinga:

«Granbarchips – ja/nei?» – Halset

«Ja, men med salt. Og utan ekko.»

Ho stakk telefonen i lomma.

«Plyst.»

 

Publisert: 1. april 2026, 07:20