Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På ski for første gong…

På ski for første gong…

Jon Olav Ørsal Måndag 4. februar 2013

Den siste veka har 6 malaysere «prøvd seg» som todalingar. Dei har vore på Talgø Møbelfabrikk på serviceoppdrag, og med iherdig innsats har dei jobba inn ein dag for å få tid til ein skidag, før dei reiser heim att på tirsdag. Tove Talgø Brøndbo, Arnt Ivar Brøndbo og Christian Madaus var måndag instruktørar og aktivitørar for dei 6 malysiarane, og etter eit intensivkurs i teknikk og bruk av utstyr så bar det ut i skiløypa.

Og det gikk imponerande bra, til tross for at det sjølvsagt vart det mange knall og fall. Dei har tross alt ikkje sett snø, før dei kom til Norge og Todalen.  Dei har i fleire dagar klaga over at det er kaldt i Norge, men når dei iført tjukk ullgenser, topplhuve og selbuvottar fikk baske seg i snøen, så fikk dei jammen opp varmen.  Arnt Ivar Brøndbo tok dei med på ein liten tur med snøskuteren, og  til og med snørekjøring med snøskuter fekk dei prøve.

Skidagen var nok litt av ei oppleving for dei, og dei har nok mykje å snakke om på turen heimat og ikkje minst noko å fortelje til familie, vener og kolleger når dei kjem heimatt til Malaysia. Heile gjengen skulle etterpå avslutte todalsvisitten med «bacalaokveld» på Gammelfabrikken. Det blir nok også ei ny oppleving i matvegen, men dei har også fått prøva seg på bakels med jordbærsylte og rømme og  mykje anna. Vi ønskjer dei godt tur heimover til malaysia igjen!

I galleriet nedafor finn du ein bildeserie frå «skirennet» i Brusetmarka.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 4. februar 2013, 19:33 - Sist oppdatert: 6. februar 2013, 14:22