Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På godt og vondt på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. november 2025

Frå gode hekser til vonde nazistar på Surnadal kino denne veka. Fem av filmane overvintrar frå sist veke. Dei to norske familiefilmane «Hvis ingen går i fella» og «Reisen mot nord». 

HVIS INGEN GÅR I FELLA

Foto: Norsk Film Distribusjon

Årets store julefilm, for liten og stor!»Frisk og actionfylt julefilm med mykje humor» – NRK «Førsteklasses familieunderholdning» – Dagsavisen «Vill, morsom og helt umulig å mislike» – Aftenposten «Hysterisk morsom action-julekomedie» – Stavanger Aftenblad

Ein familie frå byen har lånt tantens forlatte hus for å feire ei gammeldags jul på landet, uten å ane at huset allereie er bebudd! Ein høgst uvanleg musefamilie har nemleg også pynt og er klare til jul, og dei er ikkje interessert i besøk.

Dermed er det berre ein ting å gjøre: rigge fellene, skjerpe sansane og forsvare huset med værhår, snodige oppfinneingar og musekrefter. Fritt inspirert av Hollywoods store underhaldningsfilmar og Alf Prøysens Musevisa kjem ein leken, morsom og actionfylt film for heile familien.

REISEN MOT NORD

Når bestevenenE til Gerda forsvinne bortimot sporlaust, nektar ho å gje opp. Gerda tek  farvel med katten sin og legg ut på ei reise, inn i det ukjente nord. Det blir eit innhaldsrikt eventyr i ei stor verd, og Gerda må overvinne mange tøffe utfordringar.

Heldigvis oppdagar Gerda at ho ikkje er åleine, og ho finn viktige hjelparar i ein trufast hest, ein reddande fugl, ein gut ved navn Sampo og ei heks som byr fram husrom.

Det viser seg at en fiende følger med på henne i det skjulte: Snødronningen og hennes lærling Ludvig holder bestevennen til Gerda fanget i et ispalass langt mot nord i Norge. De forsøker å lure Kai til å løse en mystisk oppgave for dem, og gjør alt de kan for å forhindre redningsaksjonen. Hvordan kan Gerda redde sin beste venn?

NÜRNBERG

Foto: SF Studios/Scott Garfield

Nürnberg derimot, vil først ha noregspremiere til helga som kjem. Filmen handlar sjølvsagt om rettssaka mot dei mest kjente nazistane etter 2. verdskrig. Ein amerikansk psykiater blir sett til å vurdere den mentale tilstanden til nazi-eliten, og det er spesielt møtet med Hermann Göring (solid spelt av Russel Crowe) som fascinerer – og gir eit innblikk i korleis tilsynelatande vanlege menn kan kome til å utføre dei verste handlingane. Ingen norske kritikarar har vurdert filmen i skrivande stund, men dei utanlandske har stort sett bikka over til ganske greie tilbakemeldingar på filmen.

IO CAPITANO

Foto: AS Fidalgo

Apropos menneska sin vondskap – og godskap:  italiensk, kan omsettast med «eg er kapteinen» rommar begge delane. Filmklubben viser oscarnominerte IO CAPITANO onsdag 26. november klokka 12:00. Matteo Garrone, regissøren, slo gjennom med «Gomorra» i 2008 – ei sannferdig skildring av korleis mafiaen i Napoli styrer folka som bur der. I IO CAPITANO sett han søkelyset på korleis to søskenbarn, på flukt frå Senegal, blir utsett for folk som vil utnytte dei – og andre som vil dei det beste: «Io Capitano» slår oss som en bølge av desperasjon og hindringer, men også en hjerteskjærende varme, menneskelighet, og en stor dose nestekjærlighet», meldte filmklikk.no og trilla, som dei fleste andre, fem på terningen.

Kino- og kulturprogrammet ser ein på surnadal-kulturhus.no

Publisert: 23. november 2025, 16:15