Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I kveld: P17 koret med songkveld på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. april 2026

Prosjekt 17-koret er eit aktivt kor med mang jarn i elden – onsdag 15. april står dei som arrangør av allsong-/korkveld på Gammelfabrikken.  Det blir ein kombinert allsong og korkveld, med eit stort utval avsongar – både frå skulesongboka og mange gamle slagere og kjente songar som høver godt til allsong, seier Bernt G. Bøe som er dirigent for Prosjekt-17 koret. 

Bernt Bøe er dirigent for Prosjekt 17-koret – komande onsdag inviterer dei til allsongkveld på Gammelfabrikken.

Kom og sjå Trollheimsutstillinga 
Onsdag 15 april opnar dørene kl 18, og da er det høve til å sjå Trollheimsutstillinga, med dyr og fuglar frå Trollheimen.  I tillegg er det utstilling av historiske møblar og utstillinga av handverk og gammelt verktøy. Utstillinga som er lokalisert til 2 etasje på Gammelfabrikken er open ein time før allsonkvelden startar kl 19:00. 

Gunnar Nordvik blir med og fortel om historia om Trollheimsutstillinga og arbeidet med å montere ustillinga i lokala til Gammelfabrikken. På bildet er Gunnar Nordvik med Tingvollulven som du kan sjå i utstillinga. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 8. april 2026, 15:00 - Sist oppdatert: 16. april 2026, 05:43