I dag var det slutt for gamle Susenbu, som har vore garasje/anneks/lager som sia tidleg 70-tal. Sia Jenny og Lars bygde husa på Nedbretthaugen i 1996/97 har det vore deira eigedom. Bygget har gjennom åra skranta litt, og no var det nok på tide å «slå strek » for gamle Susenbu. I dag troppa Gjeldnes Maskin opp med gravemaskin for å ta siste rest av riveprosessen, med tilhøyrande kildesortering i ein lenge planlagt prosess, fortel Lars Stensby.
Kva som skal skje vidare er ikkje fastlåst, men vi har prata om å bygge eit anneks, seier Lars. – Men vi har ikkje starta med nokon plan- eller byggeprosess, så vi får sjå litt etter kvart, seier han.

