Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Over hundre til frukost i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2026

Todalen Idrettslag var vertskap for frukosten i Ungdomshuset 17. mai.  Dei slo på stortromma og inviterte like godt heile bygda på frukost etter at biltogeg var unnagjort.  Det kosta kr 150 pr vaksen, medan born var halv pris og dei minste gikk gratis.  Og gjestane dei kom, for heile 97 passerte billettøren og betalte, og i tillegg vart det ein del born med grqatisbillett.

Todalen IL kunne by på ein flott frukostbuffe – Endre Talgo og Nils Ove Bruset var vertar. Foto Jon Olav Ørsal

Dette var eit sosialt tiltak som folk satte pris på, og jammen var det ein flott buffe som arrangøren hadde diska opp med, og maten den gjekk unna.  Vêrmeldinga var ikkje heilt god til grunnlovsdagen, men vart mykje betre enn meldt på yr.no.  Så når frukosten kom på borden kjunne folk velge om dei ville sitte ute eller inne.  

Is var stas ja, og istrant vart det. Foto Jon Olav Ørsal

Etter at frukosten var unnagjort vart det arrangert leikar for borna og sjølvsagt høyrer det med is på ein slik dag.  Den store styrkeprøven vart det når sørsia og nordsia skulle teste styrken og knepa i tau-draging.  Begge laga var litt hovmodige førut, men nordsida vann ein knusande seier og sørsida når dei barka saman.  

Her settes alle klutar til – og nordsida var suveren. Foto Jon Olav Ørsal

Heilt på tampen vart det servert kaffe og blautkake før arrangementet vart runda av før siste post starta kl 14:00 – Da arrangerte Todalen sokneråd høgtidsgudsteneste i Todalen kyrkje

Bildegalleri frå frukosten i ungdomshuset – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2026, 15:25