Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Over 90 deltok på nyttårsfest på Frichs hotell

Jon Olav Ørsal Fredag 23. januar 2026

Surnadal demensforening og helselag var vertskap for årets store nyttårsfest på Frichs hotell i Surnadal.  Her vart det bygg på middag, dessert og kaffe til heile gjengen, og det var god stemning da leiar Liv Botten ønska velkomen til fest for 3. året på rad.  Over 90 deltakarar hadde meldt seg på, og ut over god mat og triveleg lag vart det sjølvsagt moglegheit for ein svingom med trubaduren Erik Hoel frå Meldal. Elles sørga Gøran Bolme for meir lokalt innslag for mosjon av smilebandet.  Etter kvart vart det og stor lotteri med massevis av gevinstar som sørga for nærare 15.000 i kassa til demensforeininga.

Over nitti gjestar deltok i nyttårsfesta til Surnadal demensforening og helselag på Frichs hotell torsdag kveld. Foto Jon Olav Ørsal

Heile prosjektet var finansiert gjennom gåver frå lokalt næringsliv og bankar. Spesielt bidraget frå PipeLife tilsette som donerte julegåvekontoen sin til formålet.  På menyen var det som vanleg heimelaga kjøttkaker med godt tilbehøyr, samt heimelaga karamellpudding og kaffe – noko som fall i smak hos festdeltakarane. Leiar Liv Botten orienterte festlyden om arbeidet til Surnadal demensforening og helselag, som sia den spede start i 1910 har klar å opparbeide ein medlemsmasse som i dag tel 450 medlemar.  Foreninga er nest største lokallag i Nasjonalforeninga, berre slått av Oslo som har litt fleire å ta av da.

Heldig vinnar av hovudgevinsten vart Walter Slettås her kjem Lilly Gunn Nyheim med gevinsten. Foto Jon Olav Ørsal

Liv som har vore med i foreninga sia 1974 – halvparten av tida som leiar.  Det viktigaste arbeidet er å spreie bodskapet om demens som stadig fleire blir ramma av.  Det blir gjort på mange måtar, som for eksempel pårørandeskule, Alzheimerdagar, demensaksjonen, kursing av tillitsvalte og helsepersonell og mykje anna.  Liv nytta også høvet til å gje stor ros til bankar og lokalt næringsliv som støttar foreninga trufast – det tyder på at dei ser kva vi driv med, sa ho.  Samtidig takka ho alle for innsatsen, spesielt russen som foreninga har eit godt samarbeid med. Elles fekk Brit Holte ein flott blomsterbukett som einaste æresmedlem i foreninga.

Gøran Bolme og Erik Hoel sørga for underhaldning og dansemusikk til festgjengen. Foto Jon Olav Ørsal

Så vart det ein svingom med trubaduren Erik Hoel som drog i gang dansen med «Adios amigo» med Jim Rieves – må forresten gje skryt til Erik Hoel for flott dansemusikk, og det var mange som nytta høvet til å få seg ein svingom. I pausen var det lokalt kulturinnslag med Gøran Bolme, som kom på banen med ein aktuell og artig rapport om livet i «Øverbøgden»

Heilt på tampen var det trekning i lynlotteriet, der det var rundt 30 gevinstar.  Her var det nok mange som fekk med seg litt ekstra ballast når dei etter kvar skulle ta på heimveg etter at ei triveleg og vellukka nyttårsfest var komen i hamn.

I galleriet nedafor finn du fleire bilder fra Nyttårsfesta på Frichs hotell torsdag kveld – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. januar 2026, 08:18