Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppvekstsenteret feira nasjonaldagen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. mai 2026

Foreldra til sjuandeklassingane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter (TOSTOP) er 17. maikomite ved oppvekstsenteret kvart år. Så i år var det foreldra til ungane som er fødd i 2013 som var komite og inviterte til 17. maifeiring på oppvekstsenteret. 

Bra med folk i toget på TOSTOP i år. Foto: Heidi Nergård

Tog med traktor i front

Bra med folk hadde møtt opp på TOSTOP så det vart eit ganske langt tog, som med traktor i front starta frå oppvekstsenteret. Toget gjekk til Knollen, der det snudde og gjekk attende til oppvekstsenteret. Det var ikkje korps med i toget, så korpsmusikken kom frå høgtalarar i år. 

Russebesøket var eit skikkeleg populært innslag. Foto: Heidi Nergård

Russebesøk var populært

Russen kom på besøk med to russebilar, noko som var skikkeleg populært hos dei yngste av dei frammøtte. Her fekk dei ta ein titt inn i russebilane, høyre høg musikk og, ikkje minst, få russekort. 

Sodd, tale for dagen, leikar, kaffe og kaker

I gymnastikksalen vart det servert sodd, og Lise Mari Brøske helt årets tale for dagen ved Tostop. 

Ute var det leikar og andre aktivitetar for dei yngste. Feiringa ved TOSTOP vart avslutta med kaffe og kaker i gymnastikksalen. 

Russekortutdeling. Foto: Heidi Nergård

Fleire bilder frå feiringa kan ein sjå nedanfor. Alle foto: Heidi Nergård

Publisert: 18. mai 2026, 08:14