Hageland Surnadal opna våren 2013 etter ein hektisk byggeperiode gjennom hausten og vinteren 2012. Området som er bruka til sal og utstilling av planter, busker og hageutstyr er på rundt 4800 m2, og er faktisk det største hagesentret på Nordmøre. Etter drift i 13 sesongar trengs det ein «facelift», så no er det sett i gang arbeid med oppgradering og modernisering, fortel Anita Talgø ved Hageland Surnadal.

Ein skulderoperasjon satte Anita «på bakken». Med venstre hand i fatle blir ein temmeleg redusert. Men snart startar opptreninga, seier ho. Foto Jon Olav Ørsal
Det er eit firma frå Nederland som har jobben med dette, og i løpet av eit par veker skal dei skifte ut ein del innreiing og sette inn deleveggar i «skip 1» som er sjølve butikkdelen i bygget. Det skal bli enklare å være både kunde og betjening etter ombygging og ominnreiing.

Ein gjeng frå eit nederlandsk firma skal sørge for utskifting og montering av innreiing. Foto Jon Olav Ørsal
Det nærmer seg no ny sesong, og rundt påaketider skal alt være på plass og det skal være klart for ein ny vår- og sommarsesong i hagesentret. I hagesentret er det høgsesong i perioden april til juli, og den største delen av årsomsetninga skjer i denne perioden.





