Det er inga overdriving å seie at det var «stinn brakke» da Galleri Sand Nordmøre opna dørene i dag føremiddag. Det var ordførar i Surnadal, Hugo Pedersen, som fekk den store æra å klippe snora framfor inngangen til den gamle skulebygninga, der den eldste delen er frå 1920 – altså var den bygd for 106 år sia. No går Todalen skule over frå å være ein pensjonert skulebygning til å bli Galleri Sand Nordmøre – eit kraftsenter for kultur som når langt ut over Todalen og Surnadals grenser.
I sin tale til sa Pedersen at han vart rørt når han kom inn gjennom døra og fekk sjå kva som har skjedd med på kort tid etter overtakinga. Skulen var selt for ei krone, og han håpar og trur det var ein god handel for Sand-brørne. Men han er også overbevist om at det er ein god handel for kommunen – kanskje den beste som er gjor i seinare tid.
Vidare fekk brørne skryt for den måten dei formidlar kulturen på, og for at dei klarar å sjå moglegheita til utvikling – vi treng slike folk sa han. Dykk kjem til å bety mykje for både Todalen, Surnadal og resten av Nordmørsregionen – dette er berre starten.
Vidar hadde både Aune og Vebjørn ordet, med både skjemt og alvor – og sjølvsagt vart 60-årsjubileet feira med bobler, og ein liten jubileumsklem til kvarandre. Vebjørn nytta høvet til å takke bygdefolket og ikkje minst Talgø som har bidrege med både dugnadsinnsats og velvilje.
Elles fortalte Vebjørn litt om brørne sin bakgrunnen og kommenterte statusen for verda vi omgjev oss med og kva som skjer i verdssamfunnet.
Under opninga i dag fekk vi iallfall sjå at det var respons på dette arrangementet. Det vart rekna godt over 300 bilar som var parkert på vegkanten frå Øyabru og gjennom heile Halagrenda og til Husby og det var tala om ein times ventetid frå Rykkjem til Kvanne og arrangøren rekna med at det ville kome over 1000 besøkande til galleriet i løpet av dagen.
På opningsdagen er galleriet ope til 21:00 – resten av veka er opningstida slik:
Torsdag 12. mars 12:00 – 20:00
Fredag 13. mars 12:00 – 20:00
Laurdag 14. mars 12:00 – 20:00
Søndag 15. mars 12:00 – 18:00
Opningstida vidare utover neste veke og utover våren er ikkje bestemt enno, men vil koma etter kvart.

Bygdafolket og Sanitetskvinnene sørga for gratis kaffe og kaker til alle som var innom i dag – her gjekk det unna! Solveig Glærum og Carina Talgø Foto Jon Olav Ørsal
Nedafor har vi lagt ut bildeglimt frå den store opningsfesta for Galleri Sand Nordmøre – kanskje er det kjentfolk å sjå? Alle foto Jon Olav Ørsal




