Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opna butikken for 31 utstillarar

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. mars 2026

Torsdag ettermiddag, frå kl 14 og utover, opna Hageland og Byggmakker butikkane for eksterne utstillarar og laga Påskemarknad med skikkeleg marknadsstemning og mykje folk.  Parkeringsplassen både framafor og bakafor butikkane var fylt til siste plass og parkeringsvaktene hadde sin fulle hyre med å lose biltrafikken inn på trygg parkeringsplass.

Det var heile 31 utstillarar som hadde fått plass som utstillarar i samband med Påskemarknaden.  Det var mest matvarer av alle tekelege slag, men også mykje anna som var bydd fram til kundane som kom i hopetal – bade for å sjå, smake og kjøpe mange godbitar til påske.  Vi stkk innom litt utpå ettermiddagen, og da var det full trøkk i butikken og dei aller fleste hadde heimeproduserte varer ibæreposane sine når dei drog heim, og vaffelpressa gikk i eitt utover  dagen så Nathalie hadde fullt opp med å servere bakels og graut til folk som trong ein pause.  

Knut Westlund og Bjørn Johansen var parkeringsvakter, og trossa regnvêret som til tider var ganske tøfft. Foto Jon Olav Ørsal

Til tider var det mykje bil på parkeringsplassen, og knapt nok ein ledig plass. Foto Jon Olav Ørsal

Byggmakker og Hageland hadde vore rause som stillte gratis salsplass til disposisjon – vi tykkjer at det er viktig at dei som driv med heimeproduksjon får ein slags marknadsplass for å by fram varene sine for sal. Eg trur at det vil lønne seg for oss i det lange løp, sier Nina Monsøy som har vore «Marknadsgeneral» for årets Påskemarknad.

Nina Monsøy var marknadsgeneral for Påskemarknaden på Hageland. Foto Jon Olav Ørsal

Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri med utstillarar og andre som du sikkert kjenner att – alle foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 26. mars 2026, 19:48 - Sist oppdatert: 27. mars 2026, 07:33