Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Open gardsbutikk hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. mai 2026

Fredag, 29. mai frå klokka 11:00 inviterer Lia gard til open gardsbutikk. Her får ein kjøpt fersk bakst til helga og mange andre produkt frå andre lokalmatprodusentar. Passer det ikkje å kome innom på fredag, så minner Lia gard om at dei har sjølvbetent gardsbutikk frå klokka 08:00 – 20:00 alle dagar.

På fredag får ein kjøpt ferske

  • Sveler
  • Skulebollar
  • Kanelsnurrar med vaniljekrem
  • Kanelsnurrar
  • Grovbrød

I frysen finn ein som vanleg

  • Smultringar
  • Smurte potetlefser
  • Suksessterter
  • Konfektkaker
  • Tjukklefser
  • Tynnlefser
  • Nøttebrød
  • Speltbrød
  • Burgerbrød
  • Sjokoladekaker
    m.m.

Utsalet bugner som alltid over av nydelege lokale godbiter som

  • Kjøtt frå Ansneset Gard, som burgarar, pølser, grytekjøtt, mørbrad o flatbiff
  • Egg frå Pestua Gard
  • Honning frå Todals honning
  • Eplemost frå Reina Fruktgård 
  • Spekepølser frå Steindalen Gård
  • Div. jordbærgele frå Landrø Lensvik
  • Is frå Røros is
  • Potetgull frå Kanteføll flak 
  • Vaniljeprim frå Tverås Gårdsmat
  • Rørosmajones frå Galåvolden Gård
  • Ost frå Eggen Gårdsysteri
  • Ytrefilet av reinsdyr frå Stensaas Reinsdyrslakteri
    m.m.

Følg Lia gard på Facebook

Lia gard, Lykkjeeidet 835, 6640 Kvanne.

Lia gard ønsker alle velkommen innom gardsbutikken sin!

Først publisert: 27. mai 2026, 22:00 - Sist oppdatert: 28. mai 2026, 06:26