Det er ordførar i Surnadal, Hugo Pedersen, som får den oppgåva. Det har vore mykje att og fram rundt salet av den gamle skulebygninga, men no er alt klart for å reopne skulen som eit kunstsenter, med tvillingbrørne Vebjørn- og Aune Sand som vertskap – dei to fyller forresten 60 år på opningsdagen, så det blir litt av ei feiring for å markere.
Aune Sand er imponert over det som har skjedd i den gamle skulebygninga sia den dagen han brukte den «siste krona si» og dro til Surnadal saman med Arve Evensen for å kjøpe skulebygninga for ei krone. Etterpå har det rulla i gang med oppussing, og vi trur det er mange som kanskje ikkje kjenner seg igjen når dei kjem inn døra på opningsdagen – onsdag 11. mars kl 12. Aune Sand er imponert over mottakinga som Sand-brødrene har fått i Todalen – Todalingane har stilt opp, og onsdag stiller Todalen Sanitetsforening opp med sjølvbaka blautkaker og serverer gratis kaffe til alle som kjem på opninga.
Aune har fått mykje peppar for å ha omtala Todalen som ein glømt dal, men han seier at det han meinte er at vi er i ferd med å gløyme dei verdiane som vi opplevde før i tida. Han tykkjer vi må hugse forfedrane vår og dei verdiane dei skaffa tilveie – og vi må ha tid til å leve. Ein anna ting vi opplever i Todalen er det sterke samhaldet – vi dreg lasset i lag.
– Min oppgåve i samband med jubileum og opningsdagen er å få ein masse folk til å kome hit til Todalen på den store dagen, sier Aune. Det trur eg faktisk at vi skal klare og vi håpar at Todaleingane og mange andre går mann av hus på denne dagen. I tillegg er eg ansvarleg for å opne toppa på alle champagneflaskene – her skal det feires. Så langt ser det ut til å bli ein suksess både med kunstsentret og med klokkesalet som vi startar no. Men her blir det nok full gass dei 5 dagane denne veka.

No fylles det gamle skulebygget – her er Aune Sand og Arve Evensen i eit av klasseromma . foto Jon Olav Ørsal
Opningstidene den første veka blir slik:
Opningsdagen Onsdag 11. mars 12:00 – 21:00 (Denne dagen er det gratis adgang, og gratis servering av kaffe og kaker.)
Torsdag 12. mars 12:00 – 20:00
Fredag 13. mars 12:00 – 20:00
Laurdag 14. mars 12:00 – 20:00
Søndag 15. mars 12:00 – 18:00
Opningstida vidare utover neste veke og utover våren er ikkje heilt avgjordt enno, men vil koma etter kvart.
Billettprisar:
Opningsdagen er det gratis adgang for alle – vidare utover vil det bli sal av billettar digitalt via Facebook-sida til Sandfamilien, og prisane blir som følger:
Barn, ungdom opp til 24 år går gratis
Ungdom mellom 25 og 29 år kr 30,-
Vaksne mellom 30 – 79 år, kr 220,-
Eldre frå 80 år og opp gratis



