Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Older frå ekkerkantar blir dyrestrø og fyringsflis

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. mars 2026

Det var reinaste påskestemninga da Holte Maskin og Transport dreiv med flising ved Bønnavollan onsdag føremiddag. Tidleg på ettervinteren hadde dei ein aksjon med rydding av kratt og lauvskog rundt åker og eng – no var det flising og transport til Rindal som stod på programmet.  

Erik Holte sørga for transporten med ei spesialutstyrt kontainerbil. Foto Jon Olav Ørsal

Noko av flisa skulle kjørast ein runde til og finknusast til dyrestrø, medan noko av flisa skulle brukast til fyringsflis og brennast for å få varme.  Ein stor flishoggar sørga for oppkutting av kratt og lauvskog, og hadde ingen problem med stangar med diameter opp til 10-15 centimeter.  Frå flihoggaren hamna flira direkte i kontainarar på 35 m3 som vart frakta med ein spesialutstyrt kontainerbil. 

Publisert: 25. mars 2026, 10:50