Larudag deltok Ola Vikan (14) frå Nordvik i den tredje og siste runden av Østlandscup på Lunner i Innlandet. Ola deltek i klassen MX 85 13 – 15 år og køyrer for Surnadal Motosportklubb, og vart tidlegare i sommar Nergesmeister i speedcross.
Før den siste runden i Østlandscup 2026 låg Ola på førsteplass i samandraget.
I den tidskvalifiserande treningsrunden laurdarg køyrde Ola inn til ein 2. plass, rundt 8 sekund bak raskaste køyrar.
I det første av dei to heata i konkurransen, køyrde Ola inn til ein klar 1. plass, rundt 9 sekund før nummer 2. Med denne plasseringa var Ola allereie samanlagtmeister i Østlandscup 2026.
Dette såg det ikkje ut til at Ola tenkte så mykje på da han starta andre og siste heaat, for han køyrde framleis fort og køyrde i mål til nok ein seier, denne gongen med rundt 6 sekunds margin til nummer 2 i heatet.

Ein godt nøgd Ola etter å ha kome i mål i siste hit, og kan konstatere at han er samanlagtmeister i Østlandscup 20206. Foto: Privat
Med det var det krystallklart at Ola vart suveren samanlagtvinnar av Østlandscupen 2026 i klassen MX 85 og kunne klatre til topps på sigerspallen.
– Veldig godt fornøyd med kjøringa i helga også, og ikke minst at Ola ble sammenlagtmester i Østlandscup 2026, seier far Petter Vikan etter løpet.
– Dette er en stor motivasjonsfaktor og som bekrefter at treningsarbeidet han legger ned gir resultater. legg han til.
No blir det litt mekking før Ola skal delta i nest siste runde av Midt-Norsk mesterskap i Hattfjelldal på laurdag og tredje og siste runde i Norgesmeisterskapet på Elverum helga etter.
Vi gratulerer Ola som vinnar av Østlandscup 2026 i motocross, og ønsker lykke til i Haltdalen og på Elverum. Todalen.no vil følge med og komme med saker både frå Haltdalen og Elverum.




