I helga deltok Ola Vikan (14) i tredje runde av Midt-Norsk Mesterskap i motocross, som vart arrangert av NMK Gaula Motorsport i Haltdalen laurdag og søndag.
Laurdag var det treningsheat, eit heat Ola vann med god margin. Ola deltek i klassen MX85 13 – 15 år, og køyrer for Surnadal Motosportklubb.
Søndag var det mykje regn i Haltdalen, noko som førte til utfordrande køyreforhold med våt og glatt bane.
I første heat velta Ola i starten, men han tok seg fort innat og køyrde i mål til ein suveren seier, rundt eitt minutt før nummer to.
Også i det andre heat velta han, men også her køyrde han seg fort oppatt og kom i mål rundt førtifem sekund før nummer to.
– Det vart ein krevjande dag køyremessig med våt og glatt bane, og Ola velta to gonger, noko som er uvanleg, kan far Petter Vikan fortelje etter løpet.
– Men Ola køyrde godt, og vann båe heata søndag suverent, og med dagens heatseiere så sikra Ola seg førsteplassen i Midt-Norsk Mesterskap samanlagt for andre året på rad, legg han nøgd til.
Sjølv om Ola allereie er Midt-Norsk Meister, så står det att ein runde i meisterskapet, ein runde som blir køyrt på Aukra seinare i haust. – Her kjem han mest truleg til å køyre i 125 kubikklassen, avsluttar far Petter.
Laurdag 5. september deltek Ola i tredje og siste runde i årets Norgesmesterskap på Elverum. Todalen.no vil sjølvsagt følge med korleis Ola køyrer i NM, der han så langt ligg på ein andreplass.





