Laurdag deltok Ola Vikan (14), i tredje av fire rundar i Østlandscup, som vart køyrt på Rudskogen Mortorsportsenter i Rakkestad kommune i Østfold. Ola, som representerer Surnadal Motosportklubb i klassen MX 85 13 – 15 år, starta med å vinne treningsheatet, og viste allereie med det at han var klar for laurdagens konkurranse.
I sjølve konkurransen vann Ola båe heata, på ein krevjande bane, og sikra seg med det toppen av sigerspallen. – Veldig godt fornøyd med køyringa i helga, spesielt med tanke på at det var ein krevjande bane, der fleire var utsett for uhell, seier ein nøgd far, Petter Vikan etter løpet.
Ola ligg med laurdagens siger på førsteplass i Østlandscup, når ein runde står att. Den siste runden blir køyrt på Lunner laurdag den 22. august. – Ingen tvil om at Ola har eit godt utgangspunkt før siste runde i Østlandscup, men i motocross er ingen ting avgjort før siste målpassering, eit lite uhell kan endre alt, avsluttar Petter.
Vi gratulerer Ola med laurdagens seier!



