Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ola Vikan suveren i Skaun

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. juni 2026

Ola Vikan (14) deltok søndag, i det andre løpet av fire, i Midt-Norsk Mesterskap i motocross. Det var MK Trondhjem som stod som arrangør på Skaun Motorsenter i Eggkleiva i Skaun kommune. Ola køyrer for Surnadal Motosportklubb og er tittelforsvarar i klassen MX 85 13 – 15 år, sidan han vart Midt-Norsk mester i klassen i 2025. 

Klare til start. Foto: Privat

Ola køyrde kjempebra i alle tre heata i Skaun, og sjølv med god konkurranse både frå Østlandet og Sverige, så vann Ola alle tre heata. Etter to løp av årets Midt-Norsk Mesterskap ligg Ola på 1. plass med full pott, før dei to siste løpa i haust. 

Ola køyrde inn til tre heatseirar av tre moglege. Foto: Privat

Til helga skal Ola delta i NM i speedcross på Slettholen motocrossbane i Nord Odal. Dette er ei litt anna konkurranseform enn motocross, så det blir spent å sjå korleis Ola hevdar seg i denne konkurranseforma. Det får vi svaret på til helga. Vi ønske lykke til!

Publisert: 29. juni 2026, 06:19