Laurdag og søndag deltok Ola Vikan i det fjerde og siste løpet i Midt-Norsk mesterskap på Gossen crossbane på Aukra.
Ola var allereie klar vinnar av Midt-Norsk mesterskap før siste løpet på Aukra, så på laurdag deltok han i juniorklassen i 125 kubikklassen. Etter ein litt dårleg start, køyrde han seg opp og inn til ein fin fjerdeplass.
Søndag køyrde han eitt heat i MX85, og her vann han heatet.
– Vart ei litt rotete helg på grunn av det dårlege været og krevjande køyreforhold, fortel far Petter Vikan.
– Men sesongen har vore heilt fantastisk, med NM gull i speedcross og NM sølv i motocross, gull i Østlandscup og Midt-Norsk mesterskap, så no er det berre å starte forberedelsene til neste sesong, avsluttar han.





