Laurdag deltok Ola Vikan (14) frå Nordvik i NM speedcross, som vart arrangert av Nord-Odal MX klubb på Sletholen i Nord-Odal kommune. Ola køyrer for Surnadal Motocrossklubb og deltok i klassen MX 85 13 – 15 år. Ola køyrer til vanleg motocross, og har heile vårsesongen køyrt veldig bra. Derfor fann han ut at han også ville prøve speedcross, og meldte seg like godt på NM speedcross, sjølv om dette er ein annan type køyring enn motocross, og noko han ikkje har har køyrt så ofte. Men valet om å melde seg på NM angrar han nok ikkje på i dag, når han no også kan titulera seg som norgesmeister!
Liten filmsnutt frå Ola si treningskøyringa laurdag
Dagen starta med treningskøyring og oppvarming. Og allereie her viste Ola at han meinte alvor da han meldte seg på NM. Han vart klokka inn til både beste totale treningstid og beste rundetid i sin klasse.
I sjølve konkurransen vann Ola både heat 1 og 2, der det vart køyrt 3 rundar i kvart heat. Han fekk også beste rundetid i båe heata. Dermed var han direkte kvalifisert for A-finalen.
I A-finalen vart det køyrt 5 rundar før vinnaren vart kåra. Det var Ola som kryssa målstreken først, og dermed kunne han klive til topps på sigerspallen og kan kalle seg norgesmester i speedcross 2026 i klassen MX 85 13 – 15 år.
– Eg er verkeleg stolt av køyringa til Ola i dag. Vi hadde sjølvsagt eit håp om ei god plassering da vi dro nedover til NM på fredag, men at han skulle køyre seg inn til seier og bli norgesmeister, nei, det var berre ein draum vi ikkje snakka høgt om, seier ein stolt og strålande nøgd far, Petter Vikan etter løpet.
No blir det ein liten ferie frå løpskøyring. Neste løp er tredje løpet i Østlandscup andre helga på august på Rudskogen ved Rakkestad.
Vi gratulerer Ola med norgesmeisterskapstittelen!







