Laurdag har nordvikgardingen Ola Vikan (13), som representerer Surnadal motocrossklubb, delteke i den første, av i alt tre NM-rundar, i Motocross, på Varhaug i Hå kommune i Rogaland. Her gjorde Vikan ein stålande innsats og køyrde inn til andreplass i sin klasse, bak Iver Emilsen. Dei to siste rundane i NM blir køyrt på Lunner i juni og på Elverum i september. Så no blir det nokre helger med Østlandscup og Midt-norsk mesterskap før vi tek turen til Lunner og ein ny NM-runde, seier far Petter Vikan.
I kvalifiseringsrunden køyrde Ola inn til andreplass, noko som gav andre beste startposisjon i dei to finaleheata.
Dei to finaleheata gjekk over tretten rundar. Ola vart nummer to i båe heata, og køyrde med det inn til ein strålande andreplass, berre med Iver Emilsen framfor seg på resuultatlista.
Ola har med det skaffa seg eit særs godt utgangspunkt før dei to siste NM-rundane i juni og september.
Da vi var i kontakt med Ola og Petter rett etter konkurransane no i kveld, så stod dei på farten for å køyre dei innpå hundre mila heim til Nordvik.
Men dei tok seg tid til ein liten prat med oss før dei starta på turen heim.
– Vi er strålande nøgd med resultatet i dag, sa far, Petter.
– Dette gjev eit godt utgangspunkt for neste NM-runde i juni, og ikkje minst inspirasjon til å køyre Østlandscup og Midt-norsk mesterskap utover våren og sommaren, avslutta han.
Vi gratulerer Ola med eit strålande andreplass, og god tur heim!









