Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ola Vikan med seier i Østlandscup

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 31. mai 2026

Laurdag deltok Ola Vikan (13) i første runde av Østlandscup på Haslemoen motocrossbane. Østlandscup er ein cup der det er blir køyrt fire løp på forskjellege banar på østlandet i løpet av sommaren og hausten. Den med høgst poengsum etter dei fire løpa blir meister. Ola gjorde sine saker særs godt, og vann båe heata sine på Haslemoen. Han leiar dermed Østlandscupen etter første løp. Neste løp i Østlandscupen går på Re utanfor Tønsberg helga 13. og 14. juni.  

 

Klare for start i klassen MX 85 13 – 15 år. Foto: Privat 

Helga 6. og 7 juni deltek Ola i første runde av Midt-Norsk i Molde. Midt-Norsk går også over fire løp, og her er Ola tittelforsvarar. Helga etter, 13. – 14. juni, går turen vidare for eit nytt løp i Østlandscup, før det helga 20. og 21. er andre løp i NM på Lunner. 

Ola klar for nytt heat. Foto: Privat

Vårsesongen avsluttar Ola med Midt-Norsk i Skaun. 

Det synlege beviset på at Ola vart nummer ein! Foto: Privat

Først publisert: 31. mai 2026, 13:01 - Sist oppdatert: 7. juni 2026, 22:30