Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ola Inge Drøpping vann Nordmarkstråkket

Ola Inge Drøpping vann Nordmarkstråkket

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juli 2011

Det var ikkje uventa at Drøpping gikk til topps i Nordmarkstråkket, men det var spenning heilt til mål da Kjetil Bolme, Are Siljan Børset, Arne Reiten og Benny Øverli utgjorde tetgruppa i sykkelrittet. Det var 98 syklistar som stilte til start i konkurranseklassen, og i tillegg var det mange trimmarar som tok turen over marka. Det var fint sykkelvêr, med overskya og høveleg temperatur. Det var det nok mange som sette pris på i bratta opp frå Dalsegg og opp på Nordmarka.

Team Talgø gjorde også ein fin innsats, både dei som deltok i konkurranseklassen og ikkje minst trimmarane som konkurrerte mest med seg sjølve. Rune Kvande kom inn på tida 1.45.11,4 som heldt til 2. plass og Stig Mikkelsen fekk tida 1.45.44,2 som vart 4. plass i klasse 40-49, medan Ronald Snekvik kom på 23.-plass på tida 2.13.14,9. Georg Aune kom på 8. plass i klasse 30-39 med tida 1.50.52,5. Kjetil Sogge var eneste todaling som deltok i Nordmarkstråkket, og han kom inn på tida 1.56.11,7 som holdt til ein 15.-plass i 40-49 år.  Her finn du resultatlista. Sjå også heimesida til Trollheimen Sykkelklubb.

Nedafor finn du eit bildegalleri fra Nordmarkstråkket 2011.   Foto: Jon Olav Ørsal og Rune Kvande

Først publisert: 30. juli 2011, 19:30 - Sist oppdatert: 1. august 2011, 00:36