Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oddgeir Bruaset: «Vegen som vart min»

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. januar 2026

Oddgeir Bruaset er ein norsk journalist og forfattar. Han var tilsett i NRK i over 40 år, og han er mest kjend som programleiar for det populære programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Torsdag 29. januar inviterer Surnadal bibliotek til møte med Bruaset i kinosalen kl. 12:00. Det er gratis inngang, billettar kan hentast i resepsjonen i Surnadal kulturhus.

Bruaset vil presentere den nyaste boka si: «Vegen som vart min». Her deler han minne frå oppveksten i Måndalen i Romsdal. 

Bruaset har skrive fleire bøker. I 1992 gav han ut boka «Orkanen» som handla om nyttårsorkanen som gjorde stor skade både her i Todalen og over heile Møre og Romsdal og Trøndelag. 

Surnadal bibliotek ønsker alle vel møtt!

Publisert: 26. januar 2026, 12:05