Surnadal bibliotek inviterte til kåseri med Oddgeir Bruaset siste torsdagen i januar. Bruaset er mest kjend som programleiar for den populære TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Og da han entra scena, var kinosalen fullsett og vel så det.
Bruaset har hatt mange turar til Surnadal fortalde han. Han arbeidde i NRK Møre og Romsdal og har laga mange program frå bygda. Her møtte han Holger Skei, Øyvind Holte, Per Hommelhaug og ein ung Henning Sommero. Bruaset har mange gode minne frå besøka her.
Oddgeir Bruaset, 81 år, voks opp i Måndalen i Romsdal i relativt enkle kår. Der dominerte to næringar, konfeksjonsindustri og gardsdrift. Folk hadde systuer i kjellar og loft. Det kom syersker frå heile fylket, ja til og med frå Trøndelag og Nordland. Og av det vart det både ekteskap og barn, og altså ikkje «innavl». Han voks opp i storfamilie med søsken, besteforeldre, tanter og onklar i grenda. Han fortalde om jordmora som sverma for alle nytilsette prestar og om jordmorskyss med hest og slede i bratte bakkar og lier. Han skrytte ikkje av dei første skuleåra, liten skule og gjennomtrekk av lærarar. Han lærte visstnok ingen ting. Men heldigvis vart det ny skule med ein drivande lærar som var både klokkar og kordirigent.
Seinare vart det realskule, gymnas, lærarskule og universiteststudiar i Bergen; norsk og historie. Han abonnerte på Norsk Lysingsblad og fann ein annonse der NRK søkte etter programleiar til Ungdommens radioavis, og 1. juli 1970 starta han karriera si i NRK, først i radioen og seinare TV. Han fortalde om dramatiske saker han var utsendt for å dekke som for eksempel rasulykke november 1971: Nokre geitebukkar stod fast i fjellet inne i Hjørundfjorden. Fire bønder prøvde å berge dyra, og på tur ned vart ein teken av ras. Nye hjelpesmenn kom til, og under bergingsakjonen vart ni tekne av ras, berre ein overlevde.
Frå 1973 laga han også TV-reportasjar. Han og teamet kunne lage reportasjar om kva som helst frå bygd og by. I 1982 vart han TV-journalist på heiltid og reiste landet rundt. Det vart program om den gamle kystkulturen, om nynorske forfattarar: Aasen, Garborg og Vinje. Men det viktigaste programmet han har laga, meiner han var eit program om døden i lag med legen Strømskag. Døden var eit tabuemne som det var viktig å ta fram. «Dette er det programmet eg er mest tilfreds med.»
Han laga fleire program med verspåmannen Peder Gyl. Før eit utearrangement i Molde søkte dei råd hos Peder: «Det blir regn kloka ni,» var beskjeden. Dei flytta kveldsarrangementet innomhus, og klokka ni hølja regnet ned». Han samarbeidde med sogelag og gjenskapte gamle tradisjonar. Det vart program om livet rundt Storfjorden, Skageflå der ungane gjekk i tjor for ikkje rulle ned fjellsida og ut i sjøen. Han var imponert over korleis folk i grender og bygder fann løysingar på dei fleste utfordringane.
Dei fleste assosierer namnet Oddgeir Bruaset med programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» med oppstart 8. desember 2002. Han var programleiar i tolv år. Det måtte mykje research og arbeid til for å finne gode og interessante personar og historier. Han presenterte mellom anna Jon Skår som var forplikta til å ta over ein avsidesliggande gard i Kvam Hardanger. Han var ordførar i kommunen og stortingsrepresentant. Jon var til frisør ein gong i året, og da var «augebryna mine like lange som verhåra til katten min»!
Bruaset har skrive 33 bøker mellom anna om «Orkanen» ved årsskiftet 1991/92. No er han aktuell med boka «Vegen som vart min. Oddgeir Bruaset er tilbake».
Og nye episodar med «Der ingen skulle tru at nokon bu» rullar over TV-skjermen framleis ….



