Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt trimår startar torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. september 2026

Torsdag 1. oktober startar Todalen Idrettslag ein ny sesong av sine populære digitale trimbøker På tur i Todalen 26/27. Turmåla er for det nye trimåret dei same 28 som i Trimåret 2025/26. I tillegg er dei 4 dagsmåla Romjulsmarsjen 2026, Gunnøydilten 2027, Kjerringdilten 2027 og Ræta Opp 2027. 

Last ned appen Trimpoeng for Ipone eller Trimpoeng for Android. Opne appen og logg inn. Gå til finn konkurranse og søk opp På tur i Todalen 26/27 eller trykk på På tur i Todalen 26/27. 

Premiering for Trimåret 25/26 vil bli kunngjort her på todalen.no seinare. 

Ein kan lese meir på Todalen IL si eiga Facebookside.

Da er det berre å ønske alle riktig god tur!

Publisert: 30. september 2026, 06:30