Ståle Ansnes i driftsstyret for vinteranlegg i Todalen Idrettslag melder at det no er nypreparerte løyper i lysløypa på Tjønnmyran.
Skiføret skal også vere ganske bra, så da er det berre å finne fram ski, stavar og anna utstyr og ta seg ein tur opp på Tjønnmyran!
Ein kan følge med på oppdateringar om preparering på loyper.net og søker på Todalen i søkefeltet. Akkurat no står det ikkje at det er nypreparert, da utstyret som registrerer dette skal skiftast, men at det for ettertida vil vere oppdatert informasjon som ligg der.

