Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nye bord og stolar frå Talgø

Nye bord og stolar frå Talgø

Jon Olav Ørsal Måndag 21. desember 2009

Todalen ungdomhus har dei to siste åra fått eit skikkeleg «facelift» innvendig. No er turen komen til å fornye spisebord og stolar i matsalen, da dei gamle ikkje lenger held mål.
Ein stolt husformann John Moe fortel at ein kontakt med Talgø sikra 8 nye bord og 40 stolar til matsalen i Ungdomshuset, og det heilt gratis!
Da Todalen.no var innom, var John Moe med god hjelp i naboen Narve Talgø, akkurat ferdig med å montere møblane.
Så no er nye møblar på plass før julekabarete «Hoinner å æn ut» 3. juledag. Hovudframsyninga er utsolgt og det er også solgt mange billettar til første framsyninga også.
Flott julegåve i alle fall!
Fin gåve frå Talgø.  Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. desember 2009, 22:44