Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny ytterdør på skihytta

Jon Olav Ørsal Fredag 16. januar 2026

I dag  har det vore besøk av dørsnekkarar på Skihytta på Ørsalfjellet.  Døra inn til terassen hadde sett sine beste dagar, og var moden for utskifting.  Ny dør vart produsert og sponsa av Talgø, og ein frivillig gjeng sørga for snakkararbeidet med demontering av gammeldøra, og montering av ny dør til erstatning for den gamle.

Siste finpuss av dørprosjektet på Skihytta i dag. Foto John Moe

Transport av dør, mannskap og verktøy foregikk med TILs snøskuter, og oppdraget var fort unnagjort, fortel John Moe som har sendt oss eit par-tre bilder frå arbeidet med dørprosjektet.  Knut Halset og Ståle Ansnes deltok i dørprosjektet på Skihytta, som var fort unnagjort i det fint turvër og godt skuterføre.

Skihytta på ørsalfjellet egentleg ei anleggsbrakke frå tida med bygging av kraftlinje over til Ålvundeidet på 50-talet. Foto John Moe

Publisert: 16. januar 2026, 20:17