Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny «kyrkjegardsarbeidar» på plass

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. juli 2026

No er han på plass og er komen i jobb på kyrkjegarden i Todalen.  Det er den nye robotkløpparen på kyrkjegarden vi pratar om, og den har no teke over jobben med kløpping av heile kyrkjegarden for resten av sommaren.  Tidlegare har dette arbeidet vore utført av frivillig mannskap som har gjordt dette arbeidet på dugna med ein raider som har tilhøyrt kyrkja.

Den nye robotklipparen er komen i arbeid på kyrkjegarden. Foto Jon Olav Ørsal

No er altså den nye robotkløpparen på plass, og den er programmert til å utføre jobben med kløpping av kyrkjegarden uten å kollidere med gravminna, eller å «vingekløppe» blomster og utstyr som er plassert ved gravminna. 

Tidlegare vart kyrkjegardsslåtten utført med ein raider, med eit dugnadsmannskap som skifta på. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Borghild Talgø som er leiar for Todalen sokneråd og John Moe som er Todalens representant i kyrkjeleg fellesråd er glad for at robotkløpparen no er på plass og kan erstatte det meste av dugnadsinnsatsen for å halde kyrkjegarden i god trim.  – Dei to rettar ein takk til alle som har vore med på dugnadsjobben gjennom fleire år og som har halde kyrkjegarden i fin trim med dugnadsinnsats.  No held robotkløpparen på og «kjører seg inn», og resultatet ser bra ut, sjølv om det kanskje kan være behov for nokre justeringar den første tida.  

Publisert: 21. juli 2026, 07:59