Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny informasjonsbrosjyre frå Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. januar 2026
Surnadal kommune har no lanserer ei ny informasjonsbrosjyre som skal gjere det enklare for eldre og ikkje-digitale innbyggarar å finne fram til dei viktigaste kommunale tenestene. I brosjyren finn ein oversikt over kven ein kan kontakte for hjelp, råd eller praktisk støtte i kvardagen.Kommunen sitt mål med brosjyra er at alle innbyggarane i kommunen, uavhengig av digital kompetanse, skal kjenne seg trygge på kor dei kan få hjelp når dei treng det. Brosjyra er rett og slett ein enkel oversikt over kva Surnadal kommunen kan tilby og kva ein skal vende seg.

Informasjon ein finn i brosjyra

Brosjyren inneheld mellom anna:

  • Telefonnummer og kontaktpunkt til sentrale tenester i Surnadal kommune
  • Informasjon om praktisk bistand, tryggleik i heimen og helsetenester
  • Tilbod om sosial støtte, møteplassar og aktivitetar

Brosjyra er i eit tydeleg og lettlest format, med fokus på språk og informasjon, som er enkel å forstå.  

Bjosjyra blir oppdatert kvart år. 

Slik får du tak i brosjyren

Brosjyra får ein tak i på følgande måtar:

Surnadal kommune oppfordrar pårørande, naboar og frivillige til å dele brosjyren vidare, slik at brosjyra når fram til dei som treng den mest.

Har ein spørsmål, eller treng ein hjelp til å finne rett teneste? Da tek ein kontakt med sørvicetorget på telefon 716 55 800

Publisert: 29. januar 2026, 15:41