Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Novembermøte i Saniteten med besøk av fylkesleiar Unni Kristin Wiik

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. november 2025

Unni Kristin Wiik er leiar i Møre og Romsdal sanitetsforening, og ho deltok på medlemsmøtet 4. november.

Wiik er medlem i Ålesund sanitetsforening og er nyvald leiar fylkeslaget. Ho er på rundreise for å bli kjend med lokallaga som ho omtala som berebjelkane i organisasjonen. Ho kom til Todalen etter å ha delteke på møte i Surnadal sanitetsforening.

Wiik fekk orientering om dagens drift og aktivitetar i Todalen. May Elisabeth Holten som var sekretær i saniteten i mange år, tok føre seg historia til laget:

Foreninga vart stifta i 1916 med Thora Talgø som leiar. Måla for arbeidet til NKS var:

-Å arbeide for betre folkehelse.

-Å utdanne sjukesøstrer og på anna måte arbeide for organisert sjukepleie i byga og by.

-Å spreie kunnskap om nedkjemping av tuberkulose og andre folkesjukdommar.

-Å opparbeide og kjøpe inn sjukemateriell til utlån.

Dette var svært viktig: I ein tiårsperiode frå 1916 døydde sju unge mødrer, tre barn og sju ungdommar av tuberkulose og andre folkesjukdommer.

May har funne ei bok i arkivet: «Norske Kvinners Sanitetsforening. De lokale sanitetsforeningers krisearbeid under okkupasjonsårene 1940 – 1945». Der er Todalen Sanitetsforening omtala slik:

«Stiftet 21. januar 1916. Da Todalen ligg svært avstengt, har vi havt lite føling med krigen. Arbeidet har difor for det meste gått slik som før. Vi kan nemna at dei siste fem åra har vi gjeve bort til sjuke kr. 2160,00. Kjøpt nærande kost til skuleborn for kr. 495,00. Betalt tannlæge til skuleborn med kr. 1293,00. Kjøpt inn sjukemateriell for kr. 443,00. Elles har foreninga sengar og sengeklær til gratis utlån. Folk her har stor interesse for sanitesarbeidet, og vi får således god stønad.» Store summar når ein ser det i samanheng med datidas kroneverdi!

Til slutt: May har funne ut at på stiftingsmøtet i 1916 deltok ei venninne av Thora nemleg Elisabeth Wexelsen Jahn (d. 1930) frå Trondheim. Ho var kvinnesaksforkjempar, redaktør og formann både i Trondhjems Kvinnesaksforening og i Trondhjems krets av Norske Kvinners Sanitetsforening. Wexelsen Jahn fekk Kongens fortenestemedalje i gull. 

Møtet vart avslutta med servering og loddsalg.

 

 

Først publisert: 6. november 2025, 23:16 - Sist oppdatert: 7. november 2025, 09:48