Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Norskamerikanske forviklingar på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 4. januar 2026

Surnadal kino byr på «restemat» frå jula i starten av den komande veka, medan Filmklubben serverer godmodige norskamerikanarar på onsdag 7. januar klokka 12:00.

FLÅKLYPA – FRA PARIS TIL PYRAMIDENE

Foto: Qvisten Animation/Nordisk Film Distribusjon

Framleis er det mogleg å få med seg Fåklypa – Frå Paris til pyramidene. Den nye Flåklypa-filmen har vore særs godt besøkt i romjula, så det er tydeleg at mange vil få med seg den nyaste historia til Reodor Felgen og venene hans.

AVATAR: FIRE AND ASH og ANAKONDA er to andre filmar som framleis heng med. 

FARGO

Fargo blir vist i Filmklubben onsdag 7. januar klokka 12:00, og var ei snodig filmoppleving for amerikanarane, og da mest fordi handlinga er frå eige land –  frå det skandinaviske miljøet nord i landet. Norskamerikanarane vagga rundt i heimestrikka klede; godmodige, positive, kortfatta – og litt enkle.

Vel, det som skjer – basert på verkelege hendingar – er ikkje berre av det godmodige slaget: ei iscenesett kidnapping, for å få ut løysepengar, går ikkje heilt som tenkt.

Fargo, som kom i 1986, er ein av dei mange gode filmane til brørne Ethan og Joel Cohen og fekk ei røys med oscarnomineringar. Frances McDormand, som den gravide lokale politisjefen, vart også kåra til det årets beste kvinnelege skuespelar.

Publisert: 4. januar 2026, 12:18