Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Normaltid – Ein time ekstra natt til søndag

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. oktober 2026

Natt til søndag er det igjen tid for å stille klokka – det skjer siste søndag i oktober, for da er det slutt på sommartida.  Dersom du hugsar regelen med at klokka alltid skal stillast mot sommaren, så er det også klart at klokka skal stillast ein time tilbake.

Heilt formelt skal det skje natt til søndag kl 03:00 og da skal klokka stilles ein time attover – altså til kl 2:00 som er såkalla normaltid. – Dermed får du ein ekstra time denne natta, og det kan da være godt for å ta seg inn litt og du får faktisk att den timen som du tapte da du stilte om til sommartid i vår.

Publisert: 22. oktober 2026, 18:00