Dersom vi får langrvarig straumbrot eller det oppstår ein krisesituasjon kan det bli problematisk å gjera nytte av elektroniske betalingssystem. Norges Bank kjem no med ei anbefaling om at alle bør ordne seg med litt kontantar for å ha i beredskap dersom situasjonar oppstår.
Det vi sei at du må ha såpass med pengar at du får gjort opp for deg på butikken. Kor mykje du treng vil være avhengig av kor stor hushaldning du har og korleis du har ordna deg på at slike situasjonar kan kome. Årsaka til at det oppstår problem vil som oftast være langvarig straumutfall, og dermed fell datanett og mobiltelefonar ut, slik at vi ikkje får bruka betalingsterminalar.
NRK har laga ei sak om korleis Norges Bank ser for seg at dette kan løysast på ein best muleg måte – klikk deg vidare til NRKs sak om Norges bank og betalingsløysingane dei skisserer.

