Tysdag kveld arrangerte Nordvik grendalag «smør-kveld» i Forsamlingshuset, der Einar Oterholm var innhyra for å halde foredrag om det gamle smørmeieriet Nordvik Meieri og Nordvikstranda smørlag som kom litt seinare. Oterholm tok utgangspunkt i overgangen frå naturalhushaldning til pengehushaldning som gjorde endringane naudsynt.
Den gongen som no var mjølkeproduksjonen ein viktig del av jordbruket. Men dyrkamarka var for det meste bruka til kornproduksjon, så krøtterforet var ofte av dårleg kvalitet – frå åkerreiner og utmarksslått, halm osv. Avdråtten pr ku var den gongen rundt 900 liter pr år – i dag er dette nærast tidobla. Ved produksjon av smør bruka ein 100 liter heilmjølk til å lage 20 liter fløyte som igjen kunne bli 3 kg smør. På 1870 kom dei første separatorane som kunne effektivisere smørproduksjonen og gjorde at lokale smørmeieri voks fram. Litt seinare var separatorane vidareutvikla slik at ein fekk meir fløyte ut av mjølka – no kunne 100 liter mjølk bli 27 liter fløyte og 4 kg smør. På den tida opna det seg moglegheit for eksport til England. Den industrielle revolusjon hadde nedprioritert jordbruket der, og opna for import frå fleire land – mellom anna Noreg.
På Nordvik vart det og etablert smørmeieri som kom i gang i 1893 i nybygd meieribygning, som stod omtrent der kårhusa i Oppistua står i dag. Meierikretsen var frå Haltbakkan, Nordvik, via Drøppingane til Hjellnes. I dette området var det den gongen 136 kyr som vart med på meieridrifta, og mjølkleveringa skjedde kvar dag – unnateke søndagar. Til samanlikning er det i dag rundt 60 mjølkekyr i same området, og dei produserer rund ein halv million liter.Tilsaman vart det i 1897 lever omtrent 100 000 liter til meieriet – som utgjorde omtrent 60 liter pr leverandør – prisen til leverandør var den gongen 6 øre pr liter. Dersom vi inflasjonsjusterer prisen vil ein sjå at det blir omtrent same pris som leverandørane får i dagens meierioppgjør. I 1918 vart det slutt på smørmeieriet på Nordvik, og hus og utstyr var auksjonert bort. I 20-30-åra var det krise i norsk økonomi – det galt også jordbruket.
På den tida fekk meieria konkurranse frå margarinfabrikkar, som vart harde konkurrentar til meieria. Det gjorde at myndigheitene etter kvart engasjerte seg med påbod om innblanding av smør i margarinproduksjonen. Dette førte til eit kriseforlik og ei løysing med eksport i regi av Norske Meierier. På den tida voks det fram smørlag som tok seg av omsetninga på lokalt plan. Slik også på Nordvik, der dei kom i gang med smørlag om hausten 1935 og som heldt det gåande til 1941.
Smørlaget heldt til i kjellaren på Hagavollen, og distribusjonen skjedde med dampen til Kristiansund, og vidare til England med båtruter som vart oppretta. Frå 1941 vart det slutt på smørlag på Nordvik, og da vart det gjort avtal med Todalen Meieri LL om levering dit med lastebil etter at vegen inn til Todalen vart vinterbrøytt.





