Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik Grendalag inviterer til påskebasar, seterrenn og afterski med påskequiz

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. mars 2026

Tysdag 31. mars frå klokka 17:30 blir det påskebasar i Nordvik forsamlingshus. Det blir ikkje førehandssal på bygda, men det er mogleg å førehandskjøpe lodd via Vipps. Kvart lodd kostar 50,- kroner og kan kjøpast på Vipps 98505 eller ved å bruke QR-koden under. Merk kjøpet med basar og namn. 

Grendalaget oppfordrar folk til å ta med seg basarting!

Seterrenn skjærtorsdag

Torsdag 2. april (skjærtorsdag inviterer Nordvik Grendalag til ”Påskeskirenn“ på Nordviksetra. Det ser dårleg ut med tanke på snø, så det
blir mest sannsynleg alternativt opplegg med aktivitetar på Nordviksetra. For den som vil ha transport, så køyrer Ola N opp traktor og henger fra Øygarden. Gratis avgang klokka 11:00. Ved behov blir det sett opp fleire avgangar

Klokka 12:00 – Langrenn, (evt.alternativt opplegg)
Klokka 13:00 – Kulerenn (evt.alternativt opplegg)

Premiering til alle!

Sal av kaffe, saft, skuffkake og pølser frå Gammelstuskjelet. 

Avsluttar med påskequiz

Klokka 19:30 opnar dørene for årets påskequiz i Nordvik forsamlingshus, og det er gratis inngang. 

Quizen tek til klokka 20:00!

Sal av øl, vin og snacks.

Nordvik Grendalag ønsker alle velkommen til basar, seterrenn og påskequiz!

 

 

Publisert: 24. mars 2026, 17:18