Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nominert til Årets leverandør

Nominert til Årets leverandør

Jon Olav Ørsal Måndag 19. april 2010

Både Talgø Møbelfabrikk og Terjes Handelsagentur har helga delteke på Bohus-messa i Vikingeskipet på Hamar. Der var dei aller fleste leverandørane til Bohus på plass med utstilling av utvalgte kjedemodellar for Bohus. Laurdag kveld var heile 800 samla i Hamar OL-amfi (der dei arrangerte kunstløp under OL i 94) til felles bankett før avslutninga søndag. Der var kåring av årets leverandør ein av programinnslaga, og stor var overraskinga da Talgø vart lansert som ein av 5 nominerte, fortel dagleg ledar Ola Magne Nordvik.

Men det var madrassleverandøren Wonderland på Åndalsnes som trekte det lengste strået og var kåra til årets leverandør. Men artig var det lell, seier Ola Magne. Han fortel vidare at Talgø er godt nøgd med resultatet av messa, og har fått solgt inn fleire nyheter for neste sesong.

Terje Nordvik er generalagent for TopStar kontorstoler og har Norge og Sverige som marked. Han og Narve Talgø hadde laga utstilling av kontorstolar i Vikingeskipet. TopStar kontorstolar produseres i Tyskland.

Først publisert: 19. april 2010, 21:34 - Sist oppdatert: 21. april 2010, 10:57