Onsdag 14. januar klokka 12:00 blir det sendt ut nødvarsel på mobil og via Sivilforsvaret sine varslingsanlegg. Dette er berre ein test, så ein trenk ikkje foreta seg noko, da dette berre er ein test, heiter det i meldinga.
Slik fungerer Nødvarsel
Eit naudvarsel blir sendt ut via mobilnettet til alle mobiltelefonar som kan motta slike meldingar, i løpet av nokre få sekund. Teksten i varselet vil vere på norsk eller engelsk, avhengig av kva for språkinnstillingar ein har på telefonen sin. Dersom telefonen ein har støttar tekst til tale, kan ein også få varselet lest opp.
Nødvarsel bruker ikkje telefonnummeret ditt eller andre opplysninger om deg eller telefonen din. Ein treng ikkje å registrere seg eller laste ned ein app for å motta naudvarsel, og det er helt gratis. Det einaste ein må hugse, er å halde telefonen sin oppdatert med nyaste programvare.
Meir informasjon på nødvarsel.no

