Det er statnett som er oppdragsgjevar for linjebygginga for strekninga Surna – Viklandet. I dag kom det mykje utstyr som skal brukast framover til ferdigstilling som er beregna til septemer neste haust. Eit ti-tal store lastbilar kom hadde utstyr som skulle leverast på helikopterplassen på Hjellnes, og det var nærast kaos da alle dei store lastebilande skulle ta av til Hjellnes i rett rekkjefølge.
Men det løyste seg opp etter kvart og varene kom nok på rett plass. Det var såpass «trøkk» oppover Hjellnesvegen at vi fann det lurast å ikkje blande oss birti den trafikken. Men det var godt strødd og organisert slik at utstyret kom nok opp til basen.
Det såg ut til å vare alle typar utstyr frå gravemaskiner, kompressorar og mykje småutstyr som var lasta i kontainerar – og i slutten av veka startar areidet for fullt med å bygge den nye 420 kV linja på 45 km, og da blir det nok hektisk som aldri før!



