Vi ser at det blir køyrt kontainere til og frå Todalen skule, kva er det eigentleg som skjer. Måndag trefte vi Aune Sand i skulebygget, og da var det naturleg å stille nokre spørsmål om kva som er på gang i det gamle skulebygget? – Det viktigaste no er at det gamle skulebygget er så «ferdig til bruk» som muleg til vi skal opne utstilling og feire 2 x 60 år den 11. mars. – Da er nemleg eg og min tvillingbror Vebjørn 60 år, svarer Aune.
Det blir som å gå om bord i eit gammalt skip at det kan dukke opp overraskingar Men ting blir klare etter kvart som skuta kjem ut i nytt farvatn, og da må eg som «kaptein» ta avgjerd på kva som skal reparerast og skiftast ut. Det er imidlertid viktig å halde kostnadene nede, samtidig som ein kan gjera seg nytte av noko av utstyret.
Du kjøpte bygget nærast usett – har du fått nokon overraskingar så langt i overtakingsprosessen?
-Nei, berre positivt overraska – bygget er i veldig god stand etter prisen. Den eldste delen av huset er frå 1920, medan den nyaste delen er frå 1981. – Eg likar best den gamle byggestilen som er ekte handverk, sjå berre dei flotte vindua inn til klasseromma – her står originalvindua like fint enda. -Det gamle bygget frå 1920 er som ei gamalt seglskip, seier Aune.

Gjennomgang av det tekniske anlegget – frå ventre Aune Sand, Arve Evensen og Ola Bruset som var vaktmester fra til skulen vart nedlagt i 2021. Foto Jon Olav Ørsal
I dag har Ola Bruset vore her for å gå gjennom bygget og tekniske installasjonar. Ola var vaktmeister her og kjenner bygget både ut og inn – no kjenner vi detaljane og veit korleis vi skal handtere vatn og varme i bygget. Elles vil eg berre gje uttrykk for den fantastiske plasseringa like ved elva Toåa og innover mot Trollheimen som er det flottaste fjellområde. Dette er rett og slett ei naturperle av dei sjeldne, skryter Aune.
Vart anbefalt å ta turen til Todalen da vi var i Surnadal for eit par år sia – da budde vi på Todalshytta og vart kjent med Arve Evensen. Var saman med svigerfar på turen og vi følte at kjemien med Arve stemte, og vi hadde likt syn på mangt. Han fortalte om skulebygget, og da starta vi planlegginga. Arve har etablert urmakarverkstad i skulen, og blir ein del av aktivitetane som kjem til å skje i skulebygget.
– No gler eg meg til å treffe todalingane og folk i regionen her. Har forresten fått med meg at det er mange som kjenner til Todalen når eg treffer folk rundt omkring. Todalen er faktisk kjent for mange ting – never berre Vangsgutane, Svinviks arboret, Todalshelga og ikkje minst er Talgø for si møbelhistore.

Huset er i betre stand enn eg forventa, seier Aune Sand som kjøpte skulen for ei krone. Frå venstre Ola Bruset, Aune Sand og Arve Evensen. Foto Jon Olav Ørsal
Ventar du mykje folk til opninga 11. mars ?
– Det veit eg ikkje, men eg håpar det blir mange – alle saman som har lyst er invitert både frå Todalen, Surnadal, Nordmøre og heile regionen. No driv vi og ryddar, og vi skal kome så langt som muleg før vi opnar for utstilling og jubileum. Vår kunst er for alle så alle er hjarteleg velkomne.
På utstillinga kjem det maleri frå Roseslottet (Vebjørn Sand), Øivind Sand og Marianne Aulie. Det kjem til å bli ei imponerande utstilling, der vi mellom anna får premiere for rundt 60 bilete frå Vebjørn Sand som aldri er vist tidlegare.

Aune Sand likar godt arkitekturen på den gamle delen av bygget – spesielt vindauga som er originale frå skulen vart bygd i 1920. Foto Jon Olav Ørsal
Kan vi sjå litt framover?
Ja vi har to perspektiv for skuleprosjektet – det første er utstilling og jubileum den 11. mars, og så har vi hundreårsperspektivet. Her skjer det stadig nytt og dette endrar seg frå dag til dag.
No er altså Todalen ein del av eventyret….

