Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No er alt på stell igjen etter «Amy»

Jon Olav Ørsal Måndag 22. desember 2025

Svorka opplevde ein omfattande skade på straumnettet under stormen Amy tidlegare i haust.  Dei opplevde brudd på 2 kablar i høgspentnettet på grunn av fleire trefall og fleire pålar vart skadd – og måtte skiftast.

I dag vart den midlertidige kabelen kopla frå og demontert, før den ordinære linja vart kopla inn att. Foto Jon Olav Ørsal

Reparasjonsarbeidet har pågått i fleire veker, men no var «alt på stell» igjen, slik at dei midlertidige kablane forbi skadestaden kunne koblast ut og demonterast.  Derfor var det tillyst straumutkopling laurdag føremiddag, medan dette arbeidet pågjekk. 

Den midlertidige kabelen som gjekk frå Drivhammaren og innover til kraftstasjonen vart altså utkutta og demontert i dag, før straumen vart sett på anlegget igjen – eit arbeid som gjekk som planlagt. 

Publisert: 22. desember 2025, 13:14